top of page

Jesus, også kjend som Jesus frå Nasaret eller Jesus Kristus, var ein jødisk predikant og religiøs leiar. Han er den mest sentrale personen i kristendommen. Dei fleste kristne reknar han som inkarnasjonen av Sonen, og den venta Messias (Kristus) slik det var spådd i Det gamle testamentet. 

 

Denne utgåva av Jesus heng på krossen, på baksida av krossen finst eit støpsel som enkelt kan pluggast inn i vanleg stikkontakt med 230V spenning. Kvar gong du gjer dette, skin eit blått ljos frå krossen.

 

Jesu krossfesting er skildra i alle dei fire kanoniske evangelia. Etter prosessen vert Jesus ført til Golgata berande med krossen sin; ruta som tradisjonelt reknast å ha vorte følgt er kjend som Via Dolorosa. Dei tre synoptiske evangelia tyder på at Simon frå Kyréne hjelpte han, etter å ha vorte tvungen av romarane til å gjera det. I Luk 23,27–28 bed Jesus kvinnene i folkemengda som følgjer han ikkje gråta for han, men heller for dei sjølv om deira barn. 

 

Ved Golgata er Jesus tilbode eit brygg vanlegvis tilbydd som ein smertedempar. Ifølgje Matteus- og Markusevangeliet avslår han. Soldatane krossfestar deretter Jesus og kasta lodd for kleda hans. Over Jesu hovud på krossen stod det oppført Pilatus inskripsjon, «Jesus frå Nasaret, kongen av jødane.» Soldatar og forbipasserande hånar Jesus for det. To dømde røvarar heng krossfesta saman med Jesus. I Matteus- og Markusevangeliet hånar begge røvarane Jesus. I Lukasevangeliet derimot avviser éin av dei Jesus, medan den andre forsvarer han. Jesus fortel sistnemnde: «I dag skal du vera med meg i paradis» (Luk 23,43).

 

I Johannesevangeliet er Maria, Jesu mor, og disippelen han elska til stades ved krossfestinga. Jesus bed den elska disippelen ta vare på mora hans (Joh 19:26–27).Dei romerske soldatane knekker beina til dei to røvarane (ein prosedyre meint å framskunda daud i krossfesting), men knekker ikkje beina til Jesus då han allereie er daud (Joh 19,33). I Joh 19:34 stikk ein soldat Jesus i sida med eit spjut, og blod og vatn flyt ut. I dei synoptiske evangelia rivnar forhenget i tempelet i det Jesus døyr. I Matt 27:51–54 opnar eit jordskjelv gravene i området. I Matteus- og Markusevangeliet ropar ein romersk centurion, forskrekka av hendingane, ut at Jesus var son av Gud. 

Jesus (ca. 0-4 f.Kr.–30/33 e.Kr.)

kr 499,00Price
VAT Included
    bottom of page